Vedlegg 1
I det hele har det vært mye forskning omkring navnet Tasta. I Haug ok heidni nr.4 1982 finner vi for eksempel denne teksten av Inge Særheim: ”E.Vågslid skriv at ”namnet kjem kan henda av upphaveleg gn. *Tarstia in. fl. galtesti, um inngjerda hus for galte eller galtar. For *Tarstia i eigef. og *Tarstium i sidef. til *Tarsti in. fl. måtte tidleg verta stytt til *Tasta i eigef. og Tqstum i sidef.” (1974:24).

Språkleg sett er ei slik lydutvikling langt frå opplagd, og nemnelaginga elles verkar svært spesiell og lite sannsynleg. Det norrøne ordet tarr m. er berre brukt ein gong i skriftlege kjelder, i det poetiske språket, som siste ledd i uttrykket svin-tarr m. ( i Heggstad m. fl. 175:425). Om det har vore i vanleg bruk i uttrykk som `galtesti`, `galthus`, `galthage` og liknande er uvisst. Opphavet til ordet er og uvisst (jfr. De Vries 1977:582). Tolkinga til Vågslid er det vanskeleg og gå med på.

Meir rimeleg synst det å rekna med eit usamansett namn i fleirtall, helst gno. *Tastar, med dativform Tqstum. Det er truleg ei a-stamme, i urgerm. (flertalsform) *. Forma Tasta kan vera utvikla av akkusativ- og genitivforma, gno. *Tasta.

Uttale med lang vokal framføre konsonantgruppa /st/ er heilt vanleg i jærmålet. Det kan her nemnast parallellar som /tust:st/tust m., /ti:sted i tistel/ m., /pu:sta/ pusta vb., jfr. uttrykket /”pu:sta og pe:sta/pusta og pes(t)a. Liknande vokallenging finst og fremføre andre konsonantgrupper i nedarvd rogalandsmål (jfr. Særheim 1980:38). Språkleg er det råd å setja mamnet Tasta saman med ord som tase vb. og liknande til germansk ’tas-`riva` ( i Torp1919:772), til ei avlydsform *des- av den indoeuropeiske rota *da- ”teilen, zerschneiden, zerreissen” (Pokorny 1959:175 i Særheim 1982). Denne rota finst i mange ord i norsk språk, m.a. i dei to nemnde s-utvidingane tasa vb., `opptrevla, avta` og tase m. `noko opptrevla, stakkar o.l.`, det siste vanleg på Jæren i tydninga `sau`, jfr. namn som Tasahagen / ”ta:sahaien frå Rosseland i Time (i Sandved m.fl. 1982:95) og Tasen /”ta:sen/ (skjer) frå vik i Klepp.

Det finst og mange utvidningar med konsonantgrupper på s-, t.d. taska vb. `gå mødesamt`, tasla vb. `gå sakte`, tasl vb. m.`puslar`, tasma vb.`slitast ut, løysast opp`, taspa vb.` gå sakte`, tassa vb. `gå mødesamt`, tass(e) m` liten kar og liknande (jfr. Aasen 1893:800, Torp 1919:772 ft., de Vries 1977:583, Pokorny 1959:178). Pokorny har og med lagningar med i-vokalisme t.d. test m.`skjegghår, hårlokk`, tisl m. `trevl’ av tre eller hud`, tistl n. `kratt` (1959:178, jfr. og Torp 1919:781 og 788), og lagningar med u-vokalisme, t.d. tosa vb. `trevla opp` etc.